Varierte dagar på Sòlhestar

Hei! 

På lørdag var Oda og Regine i stallen heilt aleina. I utgangspunktet var det ingen bookingar denne dagen, så me var tenkt å ha ein roleg dag og kanskje ri ein tur.  Rett etter lunsj såg me ein bil køyra inn på tunet, og så ringte stallsjefen vår og sa at dei to som kom no hadde køyrt feil. Dei skulle eigentleg til stallen i Reykjavik for å ri "Red Lava" turen. Me tilbudte dei å få ein tur her i staden for, noko dei takka ja til. Dette var altså vår fyrste tur som guide heilt aleina. Me fekk prøvd ut engelskferdigheitane våre godt, då desse to var frå Canada. 

Turen gjekk veldig fint, bortsett frå at ein av damene datt av. Heldigvis var det eit fint fall, og ho kom seg opp på hesteryggen igjen kort stund etter. Den episoden var litt ekkel, i og med at me var aleina. Kajsa har alltid vore den som styrer om noko skulle skjedd på tur, så denne gongen fekk me verkeleg prøvd oss! Ellers var dette ein dag med fint vêr, så me koste oss på tur! 

Litt seinare på dagen fekk me ein familie på besøk. Dei hadde to små barn som hadde lyst å prøva å ri. Me leide den eldste på 4 år rundt i paddocen, medan minstemann på 2 år, berre satt oppå hesten. Kjekt å sjå kor utruleg glad dei vart av å vera saman med hestane. 

Me avslutta dagen klokka 5, etter mykje arbeid. 


Regine og Steinrikur

På søndag skulle me ikkje møta i stallen før 12. Det var utruleg deilig å få litt fri på morgonen! Kajsa var kome tilbake, så no var me ikkje aleina lenger. Klokka 14 fekk me to franske kundar som skulle på ein to timars tur. Mannen fortalde oss at han kunne ri, og ville så gjerne galoppera. Dama hadde ikkje ridd sidan ho var liten, men det såg ut til at ho hadde god kontroll over hesten. Me sa at dersom dei følte seg trygg på å galoppera skulle dei få prøve det den siste vegen før me kom til stallen. Kort stund etter, datt mannen av. Også han hadde ein fin landing, men måtte ta seg ein liten pause før han gjekk på igjen. Ellers var det ein flott tur der vinden heller ikkje var så alt for gale. 

Rundt klokka 4 gjekk me ut på ein ny tur. Me har ein unghest på stallen som Kajsa skal trena med. No har han endeleg fått på seg sko, så no var han klar til å bli brukt. Regine og Oda vart med, saman med to rolege hestar. Unghesten oppførte seg fint når Kajsa skulle gå på, men i det ho ville få han til å gå fram begynte han å steila. Han ville ikkje gå. Etter ei stund, fekk ho han framover. Det vart ein kort tur, men den avslutta bra. 


Fantastisk fint vêr!


Lange dagar gjer det ekstra godt å ta ein pause på stallgolvet saman med Junior!

I går hadde me heller ingen bookingar. Me starta dagen med vanleg stallarbeid, før me tok oss ein galopptur barbakk. Etter lunsj skulle me ha to personar klokka to med oss på tur. Me satt å venta heilt fram til klokka 4, men dei dukka ikkje opp. Derfor fann me ut at me skulle ut på ein ny tur med unghesten. I dag prøvde me å ha han som handhest. Han tulla seg litt i starten, men etter kvart gjekk han fint i både skritt og tølt! Kjekt å sjå fragamgang på så kort tid! Etter den korte turen, satt me inn unghetsen og tok ein ny galopptur. Hestane stortrivdes, og det var ein fin avslutting på arbeidsdagen! 


På tur med ungesten som handhest.

I dag har me hatt ein litt travel dag. Det starta med at me vart vekt av stassjefen som ringte halv 8, og sa at klokka 8 måtte me ut å gjeta hestar frå beitet, og bort til stallen. Ikkje den kjekkaste beskjeden å få når me eigentleg ikkje skulle begynna før 9. Klokka 10 reiste Regine ut på ein to timers tur med eit par frå Tyskland. I dag har det vore overskya og kaldt, så turen vart ikkje så kjekk som dei turane me har i sol. Klokka 11 fekk Oda og Kajsa ein familie på fem personar som skulle ut på ein timers tur. Familien hadde små barn, så me brukte handhest på dei. Me kom tilbake til stallen omtrent samtidig med dei to gruppene som var på besøk. Når dei hadde reist, fekk me ein litt lenger pause med lunsj, før me måtte ut igjen for å gjeta tilbake hestane på beitet. Resten av dagen skulle det i utgangspunktet ikkje vera fleire turar, men klokka halv 4 fekk me ein ny tur med enda ein famile som hadde små barn. Også denne turen gjekk veldig fint. Klokka 5 var me endeleg ferdig for dagen. Me har fått i oss middag, og sitt å slappar av no. Kristina er fortsatt i Reykjavik, så det kjem eit innlegg om korleis ho har det der, seinare. No skal me ikkje gjera anna enn kveldsfôring, og så ta kvelden. I morgon har me ingen bookingar foreløpig, men dei kjem ofte spontant innom, så me får sjå korleis morgondagen blir! 


No har kattungane blitt 4 veker, så no spring dei rundt i stallen overalt. Koselege stallkameratar!


Her ventar hestane på kveldsmat! 

 

Én kommentar

Heisann, jammen får de bratt læringskurve i arbeidetslivrt med hest og turisme. Er veldig stolt over kor stort ansvar de tek. Håpar de lærer masse om islandshester. No er det berre ei veke igjen på solhestar. Går fort.

Skriv en ny kommentar